Program

Jakob og Neikob og alle andre

av Kari Stai

Det Norske Teatret
Scene 3

Jakob og Neikob bur i lag på ein bakketopp. Jakob seier alltid JA til alt, Neikob seier alltid NEI.

Basert på desse to enkle motsetnadene klarer skaparen av dei to sjarmerande karakterane å seie noko eksistensielt om det å vere menneske, på eit nivå som treffer dei aller minste – og foreldra deira. Denne gongen har Neikob mista grepet totalt. Bollane er brende, mjølet ligg strødd utover. Ikkje berre har dei fått ein mystisk, ny nabo som forstyrrar harmonien – i tillegg har Neikob funne ut noko nytt om seg sjølv: han er annleis.

  • Med Petter Winther, Per Schaanning, Jonas Fuglevik Urstad
  • Regi Øyvind Osmo Eriksen
  • Omarbeidd av Øyvind Osmo Eriksen og Ingrid Weme Nilsen
  • Regissør og komponist Øyvind Osmo Eriksen
  • Dramaturg Ingrid Weme Nilsen