Program

Ein av oss / Einer von uns

av Åsne Seierstad, Karl Ove Knausgård, Lena Lindgren, Thomas Brasch, Vicky Schaubert og produksjonen

Det Norske Teatret
Scene 2

Kan kunsten bidra til å styrke demokratiet?

Ja, så avgjort, seier teatersjef Erik Ulfsby som frå 22. november er aktuell med regien på framsyninga Ein av oss. Saman med konseptkunstnaren Lars Ramberg og Ditteke Waidelich ønskjer han å forske på kva som var drivkrafta bak det kollektive traumet som ramma samfunnet vårt 22. juli 2011.

Over store delar av Europa er det krefter på frammarsj som undertrykker og stilnar stemmer som talar for toleranse, mangfald og den frie ytringa. I Polen blir regjeringa skulda for å setje mediefridom, abortrettar og homofiles rettar under press. I Ungarn tvilar stadig fleire på at demokratiet og ytringsfridomen lar seg redde. Kunstnarar i fleire europeiske land merkar aukande sensur og innblanding frå styresmaktene, og sjølv her i Noreg har ei teaterframsyning vekt stor politisk interesse og førde indirekte til at justisministeren valde å trekkje seg tidlegare i år.

Ein av oss / Einer von uns er ein samproduksjon mellom Staatstheater Hannover og Det Norske Teatret.

  • Med Gjertrud Jynge, Eivin Nilsen Salthe, Jonas Steglich, Johanna Bantzer
  • Regi Eirik Ulfsby
  • Scenografar og kostymedesignarar Lars Ramberg og Ditteke Waidelich
  • Lysdesignar Torkel Skjærven
  • Dramaturgar Carl Morten Amundsen og Judith Gerstenberg