Program

Bestialitetens historie

av Jens Bjørneboe

Det Norske Teatret
Scene 2

I 2020 er det 100 år sidan ein av dei mest markante og særprega forfattarane i norsk etterkrigstid blei fødd. Jens Bjørneboe var kulturradikalaren, opprøraren og den anarkistiske riksmålsmannen som skaka det offentlege ordskiftet med bøker, meiningar og ein livsstil som utfordra samtida.

I jubileumsåret blir hovudverket hans, Bestialitetens historie med vekt på det andre bindet Kruttårnet, dramatisert og sett i scene av kroatiske Ivica Buljan. Buljan er, i tillegg til å vere sjef ved Det kroatiske nasjonalteateret i Zagreb, ein anerkjent og ettertrakta regissør i det europeiske teaterlandskapet. Han var sist noregsaktuell med Den siste kongsfesten på Scene 2 våren 2018, og framsyninga markerte markerte seg raskt i den norske offentlegheita for si ekspressive form. Buljan er fascinert av Bjørneboes intense utforsking av menneskenaturen og lovar a crazy performance with a lot of sex and violence.

  • Med Oddgeir Thune, Geir Kvarme, Frode Winther, Joachim Rafaelsen, Kyrre Hellum, Amell Basic, Eivin Nilsen Salthe, Julie Moe Sandø, Hilse Olausson
  • Regi Ivica Buljan
  • Omarbeidd av Ivica Buljan
  • Omsetjing Inger Johanne Sæterbakk
  • Scenograf Aleksandar Denic
  • Kostymedesignar Ana Savic Gecan
  • Komponist Mitja Vrhovnik Smrekar
  • Dramaturg Anders Hasmo