Frank Kjosås 4 tips til årets festival

Frank Kjosås 4 tips til årets festival

"Eg er som oftest med i fleire enn eit stykke på Det Norske Teatret. Derfor ser eg alt for lite teater. Derfor vil eg anbefale framsyningar eg ikkje har sett, men vil sjå - eller mest sannsynleg ikkje får sett sjølv, men vil sende deg på. Here goes;"

0+0=4 Teater Ibsen

0+0=4

Spilles på Nationaltheatret

Er du hekta på True Crime? Høyrer du på Serial eller sett serien Making a murderer? Sjå denne framsyninga då vel! Thomas Bye fikk meg hekta på temaet justismord då vi jobba saman på Next to normal. Fascinerande og skremmande. Denne vil eg få med meg.

Les mer og kjøp billett.

Havboka

Spilles på Riksteatret

Eg har lese boka. No vil eg utvide sansane med teaterstykket. Deilig musikk, ny dramatikk og ein skokk med fine folk!

Les mer og kjøp billett.

Highway Hypnosis

Spilles på Kunsthøgskolen i Oslo

Dette verkar som eit prosjekt som kan vekke tankar rundt kva teater er, kva er det historia sine vingeslag kan gjere for teatret, for oss og møtet med vårt publikum.

Les mer og kjøp billett.

Hamlets pappa er et spøkelse

Spilles på Oslo Nye Teater - Trikkestallen

Kva skjer med Hamlet når han mistar ein av dei viktigste personane i sitt liv. Kven veit kva sorg kan utløyse i eit menneske. Alle bør vite om Hamlet, høyre om Hamlet og oppleve Hamlet.

Hamlet er aktuell og gåtefull uansett tid. Dette handlar om grunnleggjande spørsmål i oss alle.

Les mer og kjøp billett.